Foto: Dagny Sunde

Valprogram 2023-2027

Her finn du heile valprogrammet vårt

ARBEIDARPARTIET SITT VERDIGRUNNLAG

Nærmiljøet og lokalsamfunnet er rammene for liva våre. Arbeidarpartiet trur på sterke fellesskapsløysingar, fordi vi får til meir saman enn kvar for oss. Det gjev større tryggleik og fleire høver for den enkelte når vi stiller opp for kvarandre. Arbeiderpartiet er eit ansvarleg parti som arbeider for ansvarleg økonomisk styring.

 Vi er no i gang med å bygge opp ein ny kommune. Samfunnsmålet for Stad kommune er at «Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag». Stad Arbeidarparti ynskjer at heile Stad kommune skal vere eit sterkt og solidarisk fellesskap som gjev større fridom og tryggleik for einskilde mennesket. Trygge menneske skaper trygge lokalsamfunn. Vi vil ha eit samfunn der vi ser kvarandre og tek vare på kvarandre, og der vi også får med dei som lett fell utanfor. Det sosialdemokratiske verdigrunnlaget bygger på tre prinsipp. Fridom for den enkelte, likskap med like høver for alle, og solidaritet med dei svakaste. Desse prinsippa ligg til grunn for politikken vår. Eit aktivt og deltakande folk er grunnlaget for eit godt folkestyre og eit levande demokrati. Deltaking i politiske parti, idrettslag, grendelag eller frivillige organisasjonar er grunnlaget for at lokalsamfunnet vårt skal blomstre. Vi vil at alle innbyggjarane skal ha like høve til demokratisk deltaking og til å vere med å forme lokalsamfunna sine.

 Den viktigaste ressursen i Stad kommune er menneska som bur og arbeider her. I den kommunale organisasjonen er dei folkevalde også arbeidsgjevarar . Eit godt partssamarbeid er viktig for ei god og open styring av kommunen. Arbeidarpartiet tek arbeidsgjevaransvaret på største alvor, og ønsker å bidra til at Stad kommune og næringslivet i kommunen er gode arbeidsgjevarar. Stad arbeiderparti vil arbeide for heiltidskultur, altså ei tverretatleg satsing i der 100% skal vere ein norm for dei som ynskjer, i Stad kommune. Det må leggast til rette for at arbeidstakarar har reelle val, noko som inneber at skulestruktur og SFO må leggast til rette for at foreldre som ikkje har eit nettverk som kan hjelpe til, også har val om å arbeide heiltid – noko som igjen kan gje familien tryggare økonomisk fundament.

Arbeiderpartiet er eit internasjonalt solidarisk parti, også i den globale klimasituasjonen som i stadig større grad påverkar liva våre. Arbeiderpartiet meiner at dette er spørsmål vi må implementere i alle ledd i organisasjonen og samfunnet vårt, heilt frå barnehage og skule, til tilsette og til storsamfunnet. 

I den offentlege debatten er Arbeiderpartiet ansvarlege for å legge opp til eit godt samarbeidsklima som gjer at debatten i det offentlege rommet skal kunne føregå på ein respektfull måte for alle involverte. 

SKULE OG BARNEHAGE 

Skulen si viktigaste oppgåve er å gje barn og ungdom den kunnskapen og dei ferdigheitene dei treng i livet. Skulen må utdanne heile mennesket. Stad Arbeidarparti meiner det er ein styrke at barn i lokalsamfunnet vårt utviklar eit verdigrunnlag basert på toleranse og mangfald gjennom møte med elevar av ulik bakgrunn i den offentlege fellesskulen. Utdanningsløpet startar i barnehagen. Her vert grunnlaget lagt for all vidare utdanning og utjamning av ulikskapar. Eit trygt og kvalitativt godt barnehagetilbod betyr at barn kan oppleve leik, sosialisering og meistring med jamaldrande, samtidig som foreldra kan kombinere arbeid med familie. 

Stad Arbeidarparti vil: 

  • Få realisert symjebasseng i Selje 
  • Ha hovudfokus på kvalitet og fagleg innhald i skulen og barnehagen som ein grunnpillar for borna si utvikling. 
  • Arbeide for at det til ei kvar tid skal vere kvalifiserte tilsette i alle stillingar i skular og barnehagar
  • Sørge for at fleire lærarar får høve til å ta etter/vidareutdanning for å innfri kompetansekrava.
  • Arbeide for at skular og barnehagar har ressursar nok til å arbeide godt med psykisk og fysisk helse og trivsel. Tiltak kan vere å sette inn ulike helse/sosialfaglege profesjonar som skal arbeide med dei psykososiale og mellommenneskelege behova borna har. 
  • Sørge for  integrerte tenester i skule og barnehage frå eit tverrfagleg førebyggande team med særkompetanse på barns utvikling og psykiske og fysiske helse. 
  • Sørge for eit godt og likeverdig tilbod i SFO, i heile kommunen for å legge til rette for reelle valmoglegheiter for familiane. 
  • Arbeide for full barnehagedekning, med mål om kontinuerleg opptak gjennom heile året.
  • Stad kommune er vertskapskommune for Eid Vidaregåande skule og eigar av Operahuset Nordfjord. Synergiane mellom desse institusjonane er svært viktige for utviklinga i Stad kommune. Saman med Campus Nordfjord er dei med på å legge eit viktig og nødvendig utviklingsgrunnlag.
  • Legge til rette for at dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord samla skal gi eit breitt fagleg tilbod som oppfyller arbeidslivet og elevane sine ynskjer og behov.  
  • Sikre inntak av lærlingar i dei kommunale tenestene som står i høve til elevane sine behov og etterspurnad frå organisasjonen. Det skal vere tilbod om læreplassar i alle tenester der lærlingar kan nå mål om fagbrev/sveinebrev.
  • Sikre at det vert stilt krav om læreplassar ved utlysing av anbod.
  • Arbeide for god norskopplæring og integrering for framandspråklege innbyggjarar i heile kommunen, og sørge for at tilbodet er tilgjengeleg i høve busetnaden.
  • Skuleskyssen må leggjast til rette for å sikre barn og ungdom ein god og effektiv skulekvardag på barna sine premissar. Skulekvardagen skal ikkje gå på bekostning av dårleg skysstilbod for borna, og såleis må det stillast strengare krav til skyssleverandør mtp oppmøte og tryggleik. 
  • Skuleskyss som legg opp til at  ungdomar ved dei vidaregåande skulane kan bu heime i så stor grad som råd.
  • Arbeide for å opprette pilot-/prøve-prosjekt for skulefrukost for ungdomskuletrinnet. 

HELSE 

Nøkkelen til god helse er førebygging og tidleg innsats. Enkeltmenneske sitt behov må i større grad stå i sentrum for planlegging, organisering og oppbygging av tenestene. Framtidas helse- og omsorgstenester må vere prega av tilstrekkeleg personale, høg kompetanse og utvikling, samtidig som det må vere økonomisk berekraftig. Vi må tenkje nytt og framtidsretta rundt fag og metodar, organisering, teknologi og samarbeid med frivillige og pårørande. Dei pårørande legg ned ein betydeleg innsats i omsorg og pleie av sine næraste. Det er ein enorm ressurs for den enkelte som lir av sjukdom eller kronisk liding, og det er ein enorm ressurs for samfunnet. Desse personane må bli sett og anerkjent for den innsatsen dei gjer. Det er ikkje minst viktig for den som er sjuk at ein har dei personane som betyr aller mest rundt seg. Om rundt ti år vil Stad kommune få ei betydeleg auke i eldre over 80 år. Det er viktig at vi byrjar å ruste oss for at også desse skal få gode tenester.

Mange menneske vil gjennom livet oppleve å bli psykisk sjuke. Psykisk liding kan, ofte i enno større grad enn fysisk liding, påverke livskvalitet og kvardagsfungering negativt. Dette vert særleg utfordrande når det rammar barn og ungdom enten det er dei sjølve som får utfordringar eller som pårørande til sjuke foreldre. Vi vil difor styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom dei ulike fagfolka som møter barn, ungdom og familiar i krise, slik at det vert enklare å få hjelp.

Stad Arbeiderparti vil:

  • Vidareutvikle ei differensiert eldreomsorg for framtida sitt behov. Fleire skal kunne bu heime lenger, mellom anna ved hjelp av velferdsteknologi og tilrettelagt bustad eller omsorgsbustad 
  • Alle skal få heildøgnsomsorg når dei verkeleg treng det. 
  • Auke satsinga på pårørande mellom anna ved å anerkjenne og gje betalt for den innsatsen som vert gjort i svært mange heimar, samstundes som den faglege kompetansen er tilgjengeleg for både pasient og pårørande. 
  • Ha fokus på førebygging, også innan eldrehelse. Stad Ap skal styrke kjøken og distribusjon slik at eldrehelsa enkelt får betre mat som gir betre helse.
  • Ha ei enno meir gradert demensomsorg inkludert dagsenter for demente
  • Ha fokus på rekruttering og stabilisering, det skal vere attraktivt å arbeide i helse og omsorgstenestene i Stad kommune, og då må arbeidsbelastinga for den enkelt tilsette vere overkomeleg. 
  • Lage konkrete kompetansehevingsplanar innan Helse/Omsorg der ein syt for utdanningsløp for fagarbeiderar samt bachelor/master-kompetanse
  • Betre koordinering av helsetenester
  • Vidareutvikling av Frisklivssentral som er tilstades både i Selje og på Nordfjordeid.
  • At hjelp til familiar som slit vert samordna
  • Syte føre at helsestasjonane i kommunen har ressursar til å vidareutvikle seg, med særleg fokus på psykiske helseplager hjå unge og for nybakte familiar 
  • Auke fokuset og kompetansen på barn som pårørande.
  • Gi tilskot til fritidsaktivitetar og andre tilbod som kan lette situasjonen for barn i familiar med psykisk sjuke.
  • Styrke skulehelsetenesta 
  • Sikre gode tenester for menneske med psykiske vanskar og menneske med nedsett funksjonsevne m.a ved å auke satsinga på fleksibelt oppsøkande psykisk helsearbeid i samarbeid med spesialisthelsetenesta 
  • Sikre tilgang på gode og tilrettelagde bustadar uansett kva liding eller sjukdom ein har.
  • Sikre kommunalt tilsette fagpersonar med særskild kompetanse på rus for å arbeide oppsøkande og førebyggande på feltet. 

BARN OG UNGDOM

Det er viktig med gode oppvekstvilkår for eit trygt og føreseieleg liv. Stad Arbeidarparti vil ha det som ei prioritert oppgåve å skape trivsel i og tilknyting til kommunen. Det er viktig at dei unge sjølve får høve til å påverke eigen kvardag, og at dei er godt kjende med kva moglegheiter som er innan utdanning, arbeidsliv, næringsliv, fritidstilbod og kulturtilbod både i eigen kommune, i regionen og  fylket elles. Dette er også viktig for at unge vaksne kan velje å kome attende til heimkommunen. 

Stad Arbeidarparti vil: 

  • Utvikle eit lavterskeltilbod til familiar som treng hjelp, gjennom tverrfagleg tidleg innsats 
  • Styrke barneverntenesta med særleg vekt på førebyggande tiltak og tverrfagleg fokus
  • Ha fokus på antimobbearbeid i alle ledd, der foreldre er viktige rollemodellar 
  • Støtte opp om Ungdomsrådet og auke deira medverknad og påverknad i det politiske miljøet. I samarbeid med, og etter innspel frå, ungdomsrådet vere med å vidareutvikle deira politiske arena og påverknad. 
  • Framleis satse på «ung kultur møtes», UKM 
  • Støtte lokale arrangement retta mot barn og ungdom 
  • Halde fram med sommarjobbtilbod til 10. klassingar
  • Legge til rette for sosiale møtestadar for ungdom. 
  • Legge til rette for at ungdom skal kunne engasjere seg i dei aktivitetane og på dei arenaene som ungdomane finn viktige og naturlege.
  • Skape politiske møtestadar for å gi ungdom reell påverknadskraft - møte elevar i skulen for å lytte til deira utfordringar og innspel. 
  • Sørge for at ordningar for lavinntektsfamiliar vert sett inn, slik at alle born kan vere med på minst ein fritidsaktivitet.

ARBEID, NÆRING OG VERDISKAPING 

Vi må skape for å ha noko å dele. Arbeid til alle er jobb nummer ein! Det er eit svært mangfaldig næringsliv i Stad kommune, med fleire aktørar som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. Dette har vore ei positiv utvikling gjennom fleire år no, og Stad Arbeidarparti vil bidra til at denne trenden skal halde fram. Då må alle dei kommunale tenestene vere attraktive for folk i alle aldrar ! Stad kommune skal vere ein god arbeidsgjevar og ha gode tenester for innbyggarane og næringslivet.

Like eins er det viktig at vi klarer å legge til rette for «Det grøne skiftet», gjennom aktiv satsing på fornybare energiløysingar og FOU arbeid i bedriftene. Overskotsenergi  må kunne utnyttast til ny produksjon. Stad kommune må samarbeide aktivt med Inviro as, for utvikling av ein regional studenthub, som vert grunnfinansiert over statsbudsjettet. Inviro as administrerer Siva sitt næringshageprogram, og stimulere til samarbeid og utvikling i næringslivet i Nordfjord og FOU arbeid. Næringslivet må slutte opp om Stad Vekst, og stå samla for vidare vekst og satsinga på «det grøne skiftet. Potensialet med Stad skipstunell bør utnyttast gjennom lokale kontraktar, samarbeid og næringsutvikling.

Auka konkurranse skaper behov for høg kompetanse på mange område. Det er difor heile tida behov for kompetanseheving og rekruttering av fagfolk, både i offentleg og privat sektor. Etablering av Campus Nordfjord og attraktive samlokaliseringslokale med kreative miljø for unge arbeidstakarar og gründerar, er noko Stad AP vil vere ein aktiv pådrivar for ! I denne samanheng vert også “Statens hus” prosjektet viktig for utviklinga av Nordfjord som felles bu og arbeidsområde.

Sjølv om det ikkje er kommunen si oppgåve å halde næringslivet i gang, er det kommunen si oppgåve å legge godt til rette for næringslivet og alltid ha tilgjengeleg næringsareal.

Dette gjer vi også mellom anna ved å ha gode og tilgjengelege tenester, blomstrande kulturliv med lag og organisasjonar, full barnehagedekning, gratis SFO til 1.klasse og 2.klasse, god breibandsdekking, attraktive tomtar og utleigebustader for både lang og korttidsleige. 

Stad Arbeiderparti vil difor: 

  • Støtte opp om eksisterande næringsliv
  • Mobilisere for auka offentleg/privat samarbeid
  • Vidareutvikle Nordfjordeid som handelssentrum i regionen, med ferskvaretilbod, og oppmode til lokal handel
  • Syte for tilgjengeleg næringsareal i fleire deler av kommunen
  • Legge til rette for, og stimulere til, vidareutvikling av potensialet i reiselivsnæringa, mellom anna med fokus på Selja kloster, Stadplatået, Harpefossen, Tua, Sagastad, Norsk Fjordhestsenter, Hjortefarmen, Cruiseturisme, Stad skipstunnel med meir.
  • Støtte opp om landbruksnæringa, bevare dyrka jord, eller skaffe «erstatningsjord»
  • Gje fiskarane rammer og infrastruktur, som sikrar god regulering og trygge og føreseielege arbeidstilhøve.
  • Stad Skipstunnel skal byggjast! Det vil mellom anna gi oss høve til gods frå veg til sjø, reduserte klimautslepp, utnytting av synergiar frå skipstunnelen og, ikkje minst, tryggleik for dei som har arbeidsplassen sin på havet. 
  • Legge til rette for berekraftig utnytting av potensialet i maritim og marin sektor
  • Utvikle fleire attføringsplassar og varig tilrettelagde arbeidsplassar
  • Opprette ei kommunal bemanningsentral med faste, heile stillingar for å redusere bruken av kommersielle vikarbyrå. Dette skal vere attraktive jobbar som ein evt samarbeider med nabokommunar om. 
  • Arbeide for faste, heile stillingar, og unngå deltid der det ikkje er ynskjeleg frå arbeidstakar si side. 
  • Motverke dei strukturelle tilhøva som gjer heiltid vanskeleg – som sommarstengd barnehage og ein fridag i skuleveka
  • Styrke og vidareutvikle trepartssamarbeidet som fast arbeidsform i personal- og organisasjonssaker
  • Gjennom eit aktivt og godt samarbeid mellom NAV, arbeidslivet og kommune, legge til rette for at flest mogleg kan vere i aktivt arbeid.
  • Ha ein god seniorpolitikk i Stad kommune der målet er å ivareta kompetanse og sikre arbeidsdeltaking både fram til pensjonsalder, men også utover denne der det er ynskjeleg for den einskilde. 
  • Sørge for godt samarbeidsklima mellom kommune, skular og dei ulike opplæringskontora for å sikre eit minimum av 10 lærlingar pr 1000 innbyggjarar.  

SAMFERDSLE, KOMMUNIKASJON OG INFRASTRUKTUR

God infrastruktur er avgjerande for å sikre busetnad- og næringsutvikling. Trenden dei siste åra er stadig nye og større bu- og arbeidsområde. Difor er det viktig å knyte Nordfjordregionen saman med omkringliggande område gjennom gode nord-sør samband, både ved kysten og lenger inne i fjorden. Godt framkomelege og rastrygge vegar er svært viktig for å vidareutvikle næringsliv, reiseliv og busetnad. Alle må kunne kjenne seg trygge på vegane. I eit folkehelseperspektiv er tilgang til gang- og sykkelvegar eit viktig bidrag. 

Stad Arbeidarparti vil: 

  • Ha trygge vegar for alle trafikkantar
  • Sikre oppstart og gjennomføring av Stad Skipstunnel på ein måte som gjev best mogleg lokal vekst som ringverknad
  • Arbeide for auka økonomisk ramme til utbetring, rassikring og vedlikehald av vegnettet 
  • Arbeide for vidare utbygging av gang- og sykkelvegar.
  • Arbeide for utbetring av fylkesvegane og sikre meir veg for pengane ved å få punktutbetring på kritiske vegparsellar. 
  • Få realisert bru Anda-Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt så snart som råd 
  • Arbeide for utbetring av Rv 15 Strynefjellet 
  • Oppretthalde ferjesambandet Stårheim-Isane med minimum dagens ferjefrekvens 
  • Arbeide for gode bussforbindelsar internt i kommunen, og til resten av regionen
  • Sikre tilgang til nærliggande flyplass og rutetilbod på minst dagens nivå. 
  • Arbeide for skuleskyss som legg opp til at ungdomane kan bu heime i så stor grad som råd.
  • Sørge for vidare fiberutbygging for høghastighetsinternett og utbygging av mobilnettverket.
  • Støtte arbeidet med brusamband Folkestad/Volda og Rovdefjordsambandet

KLIMA OG MILJØ

Arbeiderpartiet er eit internasjonalt solidarisk parti, også i den globale klimasituasjonen som i stadig større grad påverkar liva våre. Arbeiderpartiet meiner at dette er spørsmål vi må implementere i alle ledd i organisasjonen og samfunnet vårt, heilt frå barnehage og skule, til tilsette og til storsamfunnet. 

I den offentlege debatten er Arbeiderpatiet ansvarlege for å legge opp til eit godt samarbeidsklima som gjer at debatten i det offentlege rommet skal kunne føregå på ein respektfull måte for alle involverte.

Stad Arbeidarparti vil at Stad skal vere ein føregangskommune i klimaarbeidet. Dei globale klimaendringane rammar dei fattigaste hardast, men ingen land er skåna for endringar i klimaet. Vi ser at veret vert meir uføreseieleg, både i Noreg og her på Vestlandet. Det trengs ein felles, internasjonal innsats for å redusere utslepp tilstrekkeleg. Samstundes kan ein stor del av utsleppa som skal kuttast nasjonalt, takast gjennom verkemiddel vi rår over i kommunane. Vi som bur i kommunen må også bli meir bevisste forbrukarar. Vi meiner difor at ein må tenkje globalt, men handle lokalt. Stad Arbeiderparti er og oppteken av å gjennomføre bygginga av Stad Skipstunnel som eit miljøtiltak, for å kunne redusere utsleppa av CO2 på Stadhavet med inntil 60%.

Stad Arbeidarparti vil: 

  • Arbeide for at Vestland fylkeskommune og Stad kommune sin nullvisjon om utslepp innan 2030 skal bli ein realitet
  • At kommunen skal vektlegge klima og miljø sterkare ved alle anbod og kontraktar
  • At klimaperspektivet skal vere med i all kommunal planlegging, og at alle kommunale einingar skal målast etter miljøeffektive målsetningar.
  • At Stad kommune skal gjere klimavennlege innkjøp 
  • Stad kommune vil søke å vere med i KS sitt klimatilpasningsprosjekt
  • Arbeide for realisering av landstraum til cruisekai på Nordfjordeid. 
  • Arbeide for å få på plass ein energihub – ladepunkt for storbil strategisk i kommunen.
  • Arbeide for implementeringa av kommunal cruisestrategi som Arbeiderpartiet fekk vedteke i kommunestyret. 
  • Ha tydelege utsleppskrav til cruisenæringa. 
  • Jobbe for å få meir gods frå veg til sjø 
  • Satse på dei moglegheitene fornybar energi i vårt område kan gi 
  • Vidareutvikle eit godt tilrettelagt avfallsmottak slik at plast og miljøfarleg avfall ikkje hamnar i naturen, men handtert på ein forsvarleg måte. 
  • Legge til rette for enno betre utnytting av Fjordvarme, både i kommunale og private bygg 
  • At kommunale tenestebilar skal vere miljøvennlege og i størst mogleg grad utsleppsfrie 
  • Ha god utbygging av universelt utforma hurtigladestasjonar for el-bil 
  • Ha særskilt samarbeid med ungdomsrådet om grøn omstilling og framtidas utsleppsfrie samfunn
  • Ha fokus på og legge til rette for meir bruk av sykkel framfor bil
  • Fokusere på areal for karbonopptak: Bevare matjord, myrområde og berekraftig skogforvaltning 
  • Legge til rette for produksjon av kortreist mat både privat og i skulen, mellom anna gjennom vidareutvikling av “grøn integrering”
  • Stimulere til auka fokus på sirkulær økonomi (reparasjon og gjenbruk), som til dømes gratisbutikk på frivilligsentralen.
  • At kommunen aktivt søker midlar til grøn omstilling

KULTUR, IDRETT OG FRIVILLEG ARBEID

Grunnlaget for eit godt folkestyre og levande demokrati er at folk er aktive og deltek. Gjennom frivilleg arbeid skaper vi møteplassar for folk frå alle deler av lokalsamfunnet, vi utviklar fellesskap og vi lærer av kvarandre. Lokalt kulturliv, idrettsrådet og lokale idrettslag og organisasjonar er i tillegg med å sikre integrering og utjamning av sosiale forskjellar.

Frivilligsentralane skaper viktige møteplassar. Dei bidreg som læringsarena, med hjelpetilbod i kvardagen, som sosial treffstad og til integrering. Vi vil prioritere dette arbeidet også i framtida. Også biblioteka vert nytta til slike møteplassar og må ivaretakast og vidareutviklast. 

Eit mangfaldig og rikt kulturliv skaper attraktive og gode lokalsamfunn. Dette har vi mykje av i Stad, der det aller meste er basert på dugnad enten det handlar om musikk, teaterproduksjonar eller visuelle kunstneriske uttrykk. 

Idrett og fysisk aktivitet gjev sunne barn og vaksne, og god folkehelse. Vi vil satse på gode og tilgjengelege kultur- og idretts-anlegg, både utandørs og innandørs, men det er også viktig å stimulere til å bruke naturen vi har her i kommunen, og å legge til rette for at også dei med rørslehemming kan nyttegjere seg av den. 

Også i Stad kommune er det barn og unge som ikkje kan delta på aktivitetar som kostar pengar eller krev utstyr på grunn av dårleg familieøkonomi. Dette er svært uheldig, både fordi dei går glipp av aktivitetar, men også fordi det då er lett å falle utanfor det sosiale fellesskapet med jamnaldrande. Dette ønsker Stad Arbeidarparti å gjere noko med. Vi vil difor vidareutvikle ein tiltakspakke slik at alle barn og ungdom kan delta på spennande fritidsaktivitetar. 

Stad Arbeidarparti vil: 

  • Vidareutvikle kulturskulen slik at fleire kan delta. Jobbe for at kulturskulen har ein lånebank/BUA for instrument.
  • Samarbeide med, og støtte frivillege lag og organisasjonar 
  • Vidareutvikle BUA utstyrspark
  • Legge til rette for merking av fleire turstiar, og lett tilgjengelege turkart 
  • Vidareutvikle nettsider som til dømes "HjarteStad” med lett tilgjengeleg oversikt over tilbod og aktivitetar i dei ulike bygdelaga
  • Ha eit godt og tenleg bibliotektilbod i heile kommunen
  • Vidareutvikle Stad som leiande kulturkommune på Nordvestlandet
  • Sikre ressursar til skulane for å gjennomføre turar – td skidag, museumsdag, kystdag etc
  • Utvikle det kommunale rettleiingstilbodet for å styrke innbyggjarane sin digitale kompetanse, slik at alle har ein moglegheit til å delta i det digitale samfunnet.
  • Redusere halleige for barn/unge
  • Sikre likare tilbod for aktivitetar i kulturskulen i heile kommunen. 

STAD I STORSAMFUNNET

Den internasjonale konkurransen vert stadig sterkare. Den vil påverke utviklinga i alle deler av næringslivet og ha innverknad på dei aller flest lokalsamfunna i landet. Det er difor viktig at Noreg, på riksplan, fører ein aktiv næringspolitikk. Dette  gjennom mellom anna Innovasjon Norge, som er med på å skape eit enno meir konkurransedyktig næringsliv, men og at det vert utvikla berekraftige og omstillingsdyktige samfunn i alle deler av landet. Staten har ei overordna rolle, og skal sørge for at heile landet får høve til å ta del i utviklinga. Både fylkeskommunen og kommunen har nøkkelroller i det praktiske utviklingsarbeidet gjennom direkte tilrettelegging for næringsutvikling, men også ved å ha eit godt tenestetilbod og attraktive nærmiljø. 

I den offentlege debatten er Arbeiderpatiet ansvarlege for å legge opp til eit godt samarbeidsklima som gjer at debatten i det offentlege rommet skal kunne føregå på ein respektfull måte for alle involverte.

Stad Arbeidarparti vil: 

  • Arbeide for styrka kommuneøkonomi
  • Realisere Stad Skipstunnel 
  • Arbeide for fleire statlege arbeidsplassar til Stad kommune og til regionen rundt
  • Arbeide for etablering av Nordfjord Virtuelle Campus og desentralisert fagskule- høgskule- og universitets-utdanning. 
  • Vere aktiv samarbeidspart med Helse Førde/Helse Vest med tanke på gode, trygge og tenlege tilbod ved Nordfjord Sjukehus, Nordfjord Psykiatrisenter, Nordfjord BUP, inkludert ambulanseberedskap 
  • Sikre framleis stadleg leiing ved Nordfjord sjukehus
  • Tilretteleggje for landing med moderne ambulansehelikopter fleire stader i kommunen. 
  • Samarbeide med dei vidaregåande skulane i Nordfjord for å styrke og utvikle skulane i regionen og Vestland fylke

Er du enig med Stad Arbeidarparti om Valprogram 2023-2027?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker