Politikarane våre
Kommunestyret
-
-
-
-
Nestleiar i hovudutval for næring. Engasjert og entusiastisk. Oppteken av eit samfunn med små forskjellar, der alle skal ha likeverdige muligheter uansett kven ein er og kva/kor ein kjem frå.
-
Styret
-
Nestleiar i hovudutval for næring. Engasjert og entusiastisk. Oppteken av eit samfunn med små forskjellar, der alle skal ha likeverdige muligheter uansett kven ein er og kva/kor ein kjem frå.
-
-
Fødd og oppvaksen på Eid, er gift med Judith, har tre vaksne søner og er besten til 4 barnebarn. Var tidleg engasjert i mange lag og organisasjonar og er det enno. (Har sikkert nytta halve livet til frivillig arbeid og det var truleg dette eg fekk kulturprisen til Eid kommune for i 2012.) Utdanna elektroingeniør i 1975, og seinare ein del etter og vidareutdanning. Jobba som annleggsleiar i Linjebygg as til 1980 og farta på anlegg rundt om i landet. Bygde eit av dei fyrste husa i Myklebuståsen og bur der framleis. Var så produktutviklar og selgar ved Ørsta Stålindustri as før eg starta som elektrolærar ved Eid Yrkeskule hausten 1982. Har sidan hatt ulike funksjonar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, knytt til opplæring av ungdom og vaksne. Har vore engasjert i ulike regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt. Har heile tida hatt tett samarbeid med privat og offentleg arbeidsliv, og arrangert mykje kurs for næringslivet. Brenn for å auke statusen til fagarbeidarane, slik at landet og ikkje minst distrikta står utan fagarbeidarar i åra som kjem. Utan fagarbeidaren dauar lokalsamfunna! Siste 10 åra har eg vore rektor ved Eid vgs. Er samfunnsengasjert og oppteken av regionalt samarbeid. Har tidlegare vore politisk aktiv i oppvekstutvalet, kommunestyre og formannskapet i Eid. Brenn for næringsutvikling, gode oppvekstvilkår og aktivitetar for born og ungdom og vekst/utvikling i Eid. Eid vgs. skal vere ein viktig og aktiv regional utviklingsaktør også i framtida. Har fleire styreverv. Hobbyar er jakt, fiske og friluftsliv + alt det andre. Politisk forbilde er Torvald Stoltenberg, som evna å sjå dei store linjene og samanhengane, og enkeltmennesket opp i det heile.
-
-
-
-
-