Ideologien vår
Stad Arbeidarparti
- 926 43 963
- [email protected]
- Fjellvegen 30, 6770 NORDFJORDEID
Stad Arbeiderparti har som overordna mål å gjennomføre sosialdemokratisk politikk - fridom for den enkelte, like moglegheiter for alle og solidaritet med dei som treng det mest. Hovudsakleg her i Stad kommune, men også regionalt og nasjonalt.
Dette inneber at vi vil ha små forskjellar mellom folk, og at alle skal ha like muligheter uavhengig av bakgrunn, økonomi og geografi.
Kjernesakene for Arbeiderpartiet, uansett nivå, er arbeid til alle, gode velferdstenester og ein rettferdig klimapolitikk.
Styret
-
Nestleiar i hovudutval for næring. Engasjert og entusiastisk. Oppteken av eit samfunn med små forskjellar, der alle skal ha likeverdige muligheter uansett kven ein er og kva/kor ein kjem frå.
-
-
Fødd og oppvaksen på Eid, er gift med Judith, har tre vaksne søner og er besten til 4 barnebarn. Var tidleg engasjert i mange lag og organisasjonar og er det enno. (Har sikkert nytta halve livet til frivillig arbeid og det var truleg dette eg fekk kulturprisen til Eid kommune for i 2012.) Utdanna elektroingeniør i 1975, og seinare ein del etter og vidareutdanning. Jobba som annleggsleiar i Linjebygg as til 1980 og farta på anlegg rundt om i landet. Bygde eit av dei fyrste husa i Myklebuståsen og bur der framleis. Var så produktutviklar og selgar ved Ørsta Stålindustri as før eg starta som elektrolærar ved Eid Yrkeskule hausten 1982. Har sidan hatt ulike funksjonar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, knytt til opplæring av ungdom og vaksne. Har vore engasjert i ulike regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt. Har heile tida hatt tett samarbeid med privat og offentleg arbeidsliv, og arrangert mykje kurs for næringslivet. Brenn for å auke statusen til fagarbeidarane, slik at landet og ikkje minst distrikta står utan fagarbeidarar i åra som kjem. Utan fagarbeidaren dauar lokalsamfunna! Siste 10 åra har eg vore rektor ved Eid vgs. Er samfunnsengasjert og oppteken av regionalt samarbeid. Har tidlegare vore politisk aktiv i oppvekstutvalet, kommunestyre og formannskapet i Eid. Brenn for næringsutvikling, gode oppvekstvilkår og aktivitetar for born og ungdom og vekst/utvikling i Eid. Eid vgs. skal vere ein viktig og aktiv regional utviklingsaktør også i framtida. Har fleire styreverv. Hobbyar er jakt, fiske og friluftsliv + alt det andre. Politisk forbilde er Torvald Stoltenberg, som evna å sjå dei store linjene og samanhengane, og enkeltmennesket opp i det heile.
-
-
-
Kjølsdalen Fødd 1964, gift og har 3 vaksne barn Postbud Tillitsvald Norsk Post- og Kommunikasjonsforbund Leiar LO midtre Nordfjord (Eid og Gloppen kommune) Komité medlem i Sogn og Fjordane Fotballkrets sektor arrangement og Fair Play Engasjert i mange frivillige lag og organisasjonar og har alltid vore samfunnsengasjert. Saker som betyr mykje for meg er arbeidstakar sine rettar, eldreomsorg, gode tenester for dei svake gruppene som psykisk helse og rus. Eg vil ta heile landet i bruk, og bygge opp under at vi også i framtida skal ha matproduksjon over heile landet. Matjorda må sikrast for framtidige generasjonar, gjennom eit sterkt jordvern.
-
-
-