Vi fekk gjennomslag på fylkesårsmøtet

Deltakarar på Vestland Ap sitt fylkesårsmøte

Til fylkesårsmøtet i Vestland AP denne helga hadde Stad AP sendt inn tre politiske forslag.

Vi fekk gjennomslag for alle tre, og det er vi sjølvsagt svært fornøgde med.

Nedanfor kan du lese dei endelege vedtaka:

Stad skipstunnel 

Tryggleik for dei som har havet som arbeidsplass er eit grunnleggjande arbeidslivskrav. Stad er ei av dei mest krevjande strekningane langs norskekysten, der fiskarar, sjøfolk, losar, kysttransport og beredskapsressursar dagleg møter vêr og sjøtilhøve som skaper risikosituasjonar. Vestland Arbeidarparti meiner arbeidstakarar på sjøen skal ha same rett til trygge og forsvarlege rammer som andre i norsk arbeidsliv, og at Stad skipstunnel er eit konkret tiltak som kan redusere risiko, styrke beredskap og gi betre tryggleik. Prosjektet er også viktig for norsk industri, bygg og anlegg i ei tid med lågkonjunktur og aukande permitteringar, og kan bidra til å halde oppe kompetanse, arbeidsplassar og verdiskaping langs kysten. Samstundes vil tunnelen kunne flytte transport frå veg til sjø og redusere CO₂- og NOx-utslepp. Vestland Arbeidarparti meiner det er viktig at ein jobbar med å finne ei løysing, men at det samtidig skjer under forutsetning at ein har lukkast med å redusere kostnaden i prosjektet.

 Vestland Arbeidarparti vil: 

 • At regjeringa går i samtale med dei andre partia, for å finne finansiering til Stad skipstunnel, under forutsetning at ein har fått kostnaden ned mot kostnadsramma som var behandla i Stortinget.

Evaluering av instruksen i deltakarlova 

Deltakarlova er ei viktig lov for oss som bur langs kysten. I likskap med heimfallsretten er dette eit lovverk som regulerer kven som har rett til å nytte ressursane langs kysten vår. Det er likevel ei utfordring at arbeidslivet i fiskeflåten – i likskap med resten av arbeidslivet – har endra seg. Dette gjeld særleg dei store krava til administrasjon av ein fiskeflåte, noko som gjer det uråd å stå for administrasjon og samstundes vere aktiv fiskar, til dømes i Barentshavet. Sjølve lovverket opnar for tilrettelagde tilhøve, men regjeringa sin instruks til direktoratet strammar inn dette betydeleg. Denne instruksen har vore uendra i svært lang tid, og er truleg moden for ei viss modernisering. 

Vestland Arbeidarparti vil: 

• Evaluere instruksen i deltakarlova, og vurdere om han må moderniserast i tråd med resten av arbeidslivet.

Innfør ei dørterskelteneste 

Posttenestene må endre seg i takt med samfunnet sitt behov. Sjølv om færre og færre sender brev, er Posten eit viktig fysisk ankerpunkt i ei sårbar digital verd. Difor vil Vestland Arbeidarparti at Posten si dørterskelteneste blir etablert i heile landet. Dørterskeltenesta blir etablert som eit landsdekkande, statleg finansiert tilbod til ei definert målgruppe, til dømes eldre over 75 år, personar med redusert mobilitet eller personar med låg digital kompetanse. Etableringa kan skje parallelt med omlegginga av Posten Bring sitt brevnett, der omdeling av brev blir endra frå annakvar dag til éin dag i veka, kombinert med moglegheit for val av hentepunkt og dagleg tilgang til post. Samferdselsdepartementet definerer i dag ikkje dørterskeltenesta som ei postteneste, og føreslår difor heller ikkje tenesta som ein del av den komande omstillinga av Posten. Ei ny postlov utan dørterskelteneste er ei tapt moglegheit, medan ei ny postlov med dørterskelteneste er førebygging, omsorg og beredskap i eitt. Dørterskeltenesta er eit tilbod til eldre og sårbare grupper, der nokon kjem på døra med informasjon og tilbod frå kommunen og andre offentlege aktørar. Tenesta kan vere første trinn i den såkalla omsorgstrappa. Pilotprosjekt har vist at tilbodet hjelper med å aktivisere eldre, og bidreg til at fleire kan bu trygt heime lenger. Det er, bokstaveleg tala, eit godt lågterskeltilbod. Slik kan Posten sitt etablerte distribusjonsnett, i samarbeid med kommunane, brukast til å styrke informasjonen til og dialogen med innbyggjarane. Det kan førebyggje og utsetje framtidige omsorgsbehov og mobilisere eldre som ein ressurs for lokalsamfunnet. Dørterskeltenesta er samfunnsøkonomisk lønsam, og kan innførast med ei innsparing på om lag ein halv milliard kroner dersom ho blir sett i samanheng med Posten si nødvendige omstilling i samband med den nye postlova som snart skal handsamast i Stortinget. Postnettverket er òg ein viktig del av totalberedskapen i Noreg. I krise eller krig må vi rekne med at mobiliteten blir kraftig redusert som følgje av restriksjonar på straum, drivstoff og vegnett. Gjennom dørterskeltenesta vil Posten ha lokal kunnskap om sårbare grupper, og kunne distribuere informasjon, vatn, mat og medisinar i ein krisesituasjon. Då er det avgjerande at vi har ein fungerande, fysisk kanal heim til alle husstandar. Ei statleg finansiert, landsdekkjande dørterskelteneste bidreg til at det blir tryggare for eldre å bu heime lenger i fredstid, og styrkjer beredskapen i heile landet i krise og krig. Ei ny postlov med dørterskelteneste er førebygging, omsorg og beredskap i eitt. 

Vestland Arbeidarparti vil: 

• Innføre ei statleg finansiert, landsdekkjande dørterskelteneste. 

• Sørge for at vi har posttenester på eit nivå som gjer at dei framleis fungerer som ein del av totalberedskapen vår.