Pressemelding frå Stad Arbeiderparti

Dei av listekandidatane som var tilstades på møtet

Stad Arbeiderparti gjennomførte 13. november program- og nominasjonsmøte til kommunevalet neste haust.

Vallista vart samrøystes vedteke i tråd med innstillinga, og Judith Kvåle (57) vart samstundes vald til vår ordførarkandidat.

Det var godt oppmøte og god stemning i møtet. Programmet vart samrøystes vedteke, etter gode og ideologiske diskusjonar. Det er eit svært ansvarleg program, der vi vil bygge sterke fellesskap og utvikle kommunen innanfor dei stramme rammene som framleis vil vere dei komande åra.

Dei to første på lista vert kumulerte.

Desse er;

  1. Judith Kvåle (57) frå Nordfjordeid
  2. Martin Hove (36) frå Selje

Heile lista finn de som eiga sak på nettsida.

Styret er svært glade for at Judith Kvåle har takka ja til gjenvalg som ordførarkandidat, og at medlemene gir henne tillit. Ho har lang og solid erfaring frå lokalpolitikken, og har dei siste åra vist seg som ein tydeleg og samlande ordførar.

Vi er også glade for at Martin Hove vil vere med i toppen av lista. Han er i sin første periode i kommunestyret no, og viser både ansvar og engasjement for bygda si og for heile kommunen.

Styret meiner lista har svært god spredning når det gjeld alder, frå 22 til 83 år. Men også når det gjeld arbeids- og livserfaring, geografi og politisk erfaring. Og så er vi glade for å ha fleire gode kandidatar med tilknytning til fagrørsla, både i privat og offentleg sektor.

Lista representerer både fornying og kontinuitet.

Judith Kvåle seier at ho er både stolt og audmjuk for tilliten.

Dette er ein tillit som forpliktar, og eg gler meg til å arbeide saman med eit sterkt lag frå heile Stad. Målet vårt er å bygge vidare på ein kommune der folk opplever tryggleik, framtidstru og gode tenester. Arbeiderpartiet skal vere ei tydeleg stemme for gode fellesskap. Med programmet og lista vi no har vedteke, viser vi at partiet står saman om retning og ambisjonar for kommunen, seier Kvåle.