Politiske forslag/uttaler frå årsmøtet 22.01.26.

Stad Ap krev nye og moderne posttenester 

Posttenestene må forandre seg i takt med samfunnets behov. Sjølv om færre og færre sender brev, er Posten eit viktig fysisk ankarpunkt i ei sårbar digital verden. Derfor vil Stad AP at Postens dørterskelteneste etablerast i heile landet. Dørterskeltenesta er eit tilbod til eldre og sårbare grupper, som betyr at nokon kjem på døra med informasjon og tilbod frå kommunen, og andre offentlege aktørar. Dørterskeltenesta kan vere det første trinnet i omsorgstrappa. Pilotprosjektet har vist at det hjelper med å aktivisere eldre og bidrar til at fleire kan bo tryggare heime lenger. Det er, bokstaveleg talt, eit godt lågterskeltilbod. Slik kan Postens godt etablerte distribusjonsnett, i samarbeid med kommunane, brukas til å styrkje informasjon til og dialogen med innbyggarane. Det kan førebyggje og utsette framtidige omsorgsbehov og mobilisere eldre som ein ressurs for lokalsamfunnet.Dørterskeltenesta er samfunnsøkonomisk lønnsamt og kan innførast med ein innsparing på ei halv milliard kroner, om vi ser det i samanheng med Postens nødvendige omstilling i forbindelse med ny postlov som snart skal behandlast i Stortinget. Postens nettverk er ein viktig del av totalberedskapen i Norge. I ei storskala krise eller krig må vi forvente at mobiliteten blir kraftig redusert som følge av restriksjonar på straum, drivstoff og vegnettet. Gjennom dørterskeltenesta vil Posten ha lokal kunnskap om sårbare grupper og moglegheita til å distribuere informasjon, vatn, mat og medisinar i ei krisesituasjon. Da er det avgjerande at vi har en fungerande, fysisk kanal heim til alle husstandar. Ein statleg finansiert, landsdekkande dørterskelteneste bidrar til at det er trygt for eldre å bu heime lenger i fredstid, og er beredskap i hele landet i krise og krig. Ny postlov med dørterskeltenesta er førebygging, omsorg og beredskap i eitt.

Stad AP vil:

• Innføre ei statleg finansiert, landsdekkande dørterskelteneste 

• Sørgje for at vi har posttenester på eit nivå som gjer at dei framleis fungerer som ein del av vår totalberedskap

Uttalen sendast til Vestland Ap sitt fylkesårsmøte.

Stad skipstunnel  

Tryggleik for dei som har havet som arbeidsplass er eit grunnleggjande arbeidslivskrav. Stad er ei av dei mest krevjande strekningane langs norskekysten, og den einaste vi pr i dag kan gjere noko med.  Kvar dag står fiskarar, sjøfolk, losar, kysttransport og beredskapsressursar i situasjonar der vêr og sjøtilhøve skaper risikosituasjonar. Kystrederene melder inn at deira sjømannskap har utfordringar i den grad at det går ut over arbeidssituasjon og kviletid. Stad AP meiner at arbeidstakarar på sjøen skal ha same rett til trygge og forsvarlege rammer som andre grupper i norsk arbeidsliv. Stad skipstunnel er eit konkret tiltak som vil redusere risiko, styrke beredskapen og gi større sikkerheit for alle som har havet som arbeidsplass. 

Prosjektet er viktig for norsk industri, bygg og anlegg. Bransjen opplever no lågkonjunktur, fallande ordretilgang og auka permitteringar. Store og samfunnsnyttige infrastrukturprosjekt med høg norsk verdiskaping og sterk regional forankring er nødvendige for å halde oppe kompetanse, arbeidsplassar og kapasitet i ein av dei viktigaste fagarbeidarbransjane i landet. Stad skipstunnel er eit prosjekt som berre manglar kontraktsinngåing før det kan setjast i gang, noko som vil gi arbeid til fleire fagmiljø i heile landet. 

Eit samla næringsliv frå heile Vestlandskysten viser at Stad Skipstunnel vil gi auka verdiskaping langs kysten. Miljøgevinsten for Stad Skipstunnel er viktig å merke seg. Den vil føre til transport frå veg til sjø, redusere Co2 utslepp og samstundes legge til rette for betre kvalitet og utnytting av ressursar i havet. 

Lukkast Vestland, lukkast Norge. Stad skipstunnel er eit prosjekt som kombinerer betre tryggleik, betre arbeidsvilkår, sterkare beredskap, mindre Co2 og Nox-utslepp, og gir viktige ringverknader for norsk industri og norsk arbeidsliv. Det er ei investering i tryggleik, arbeidsplassar og framtidas kystlogistikk. 

Mellommenneskelege hensyn. Bygda Kjøde i Stad er i stor grad kjøpt opp av Kystverket og folk har måtta flytte frå heimane sine. Bygda er regulert til berre ein ting  - Stad skipstunnel – på oppdrag frå fiskeridepartementet. Arbeiderpartiet kan ikkje vere kjend av å setje i gang ein så omfattande prosess og la innbyggarar og kommune stå igjen med rekninga for eit heilt samfunn. 

Vestland Ap har programfesta å arbeide for Stad skipstunnel. Stad AP meiner difor at regjeringa må gå i samtale med dei andre partia og finne finansiering og realisere Stad skipstunnel i revidert nasjonalbudsjett 2026

Uttalen sendast til Vestland Ap sitt fylkesårsmøte.

Deltakarlova.

Deltakarlova er ei viktig lov som oss som bur her på kysten. Til liks med heimfallsretten er dette eit lovverk som regulerer kven som har rett til å nytte ressursane langs kysten vår. Det er imidlertid ei utfordring at arbeidslivet i fiskeflåten, tilliks med resten av verda, har endra seg. Dette gjeld særskild i forhold til dei store krava som er til administrasjon av ein fiskeflåte, og som gjer det uråd å gjennomføre administrasjon og samstundes vere aktiv fiskar i f.eks Barentshavet.

Sjølve lovverket opnar for tilrettelagde tilhøve, men regjeringa sin instruks til direktoratet strammar inn dette betydeleg. Denne instruksen har vore uendra i svært lang tid. 

Stad Arbeiderparti meiner derfor at Arbeiderpartiet må evaluere instruksen og vurdere om denne må moderniserast i tråd med resten av arbeidslivet.

Uttalen sendast til Vestland Ap sitt fylkesårsmøte.

Nordfjord Sjukehus må vere eit godt lokalsjukehus for innbyggjarane også i framtida.

Framtidas lokalsjukehus må bygge på dei behova som til ei kvar tid ligg i befolkninga, og tilpassast den demografien og det geografiske området som sjukehuset skal yte tenester til. Grunnleggande må likevel vere at kompetanse og sikkerhet for kvalitet er det viktigaste. I ei omskiftande verd med aukande klimautfordringar er det viktig at befolkinga får tilgang på tenester av høg nok kvalitet til at liv og helse ikkje skal stå på spel. Det må vere ei minimumsbemanning av kompetanse på akutte ortopediske og indremedisinske problemstillingar, og moglegheit for avklaring og stablisering før evt vidareføring til sentralsjukehuset eller Haukeland. Desse prinsippa står i fare dersom skadepoliklinikkane i Lærdal og på Nordfjordeid skal bemannast utan kirurgisk kompetanse.

Det vert hevda at 90% av skadetilfella vert handsama av LIS (lege i spesialisering). Dette er ikkje tilfelle for Nordfjord sjukehus, der det er røynde ortopedar som tek i mot, gjer vurderingar, stabliserar og evt sender vidare dei pasientane som ikkje kan behandlast lokalt. Det er ikkje LIS i ortopedi ved Nordfjord sjukehus, og det å nytte LIS i medisinsk spesialisering til slike oppgåver framstår ikkje som ei spesialisering i indremedisin, og heller ikkje som eit fagleg godt nok tilbod.

Stad Arbeiderparti meiner at Nordfjord Sjukehus må ha kirurgisk kompetanse på staden i form av ortoped på ein skadepoliklinikk som gjer meir enn å sende vidare pasientar etter radiologisk undersøking. Dette meiner vi vil vere både samfunnsøkonomisk og menneskeleg lønsamt, så ein unngår unødvendig mange og lange reiser til Førde for mindre skader. Alle har rett til likeverdige helsetenester. Det kan ikkje vere slik at innbyggjarar i Nordfjord og i  Indre Sogn skal få eit mykje dårlegare helsetilbod enn innbyggjarar i Sunnfjord.

Sendast til styret i Helse Førde og til politisk leiing i Helsedepartementet.