Politiske forslag/uttaler frå årsmøtet

Årsmøtet 26.01. vedtok fleire politiske forslag, som alle er vidaresende til Vestland Arbeiderparti sitt årsmøte

Humanitær krise og våpenkvile på Gaza

Forslag: Bombinga på Gaza må stoppe, og det må bli våpenkvile no! Arbeidarpartiet skal gå i front for å bidra til ei varig løysing i Midtausten.

Grunngjeving: 7.oktober skjedde det største terrorangrep mot Israel sidan 2. verdskrig. Responsen frå Israel mot det palestinske folket på Gaza har utvikla seg heilt ute av proporsjonar. Titusenvis er drepne og på flukt utan ein stad å gøyme seg, på eit samla areal mindre enn Stad kommune. Berre tal born som er drepne overstig tal born i heile Nordfjord. Ein ser no ei enorm humanitær krise, som Norge er forplikta til å gjere ein innsats for.

Vald og drap i nære relasjonar

Forslag: Arbeidet med vald og drap i nære relasjonar må intensiverast no. Det er den som truar med og utøver vold som må få restriksjonar og innskrenka fridom, ikkje den som er offer for dette.

Begrunning: Vald og drap i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet og eit stort samfunnsproblem. Meir enn kvart fjerde drap i Norge er eit partnerdrap. Dette er både eit samfunnsproblem, eit folkehelseproblem, eit likestillingsproblem, og eit justisproblem. Forebygging av vald i nære relasjonar krev heile samfunnet sin innsats. Samtidig må ein raskare kunne setje inn konkrete tiltak som i større grad beskyttar den som opplever vald og truslar, som td omvendt voldsalarm.

Arbeiderpariet må lede an i dette arbeidet.

Det vert avgjerande at Regjeringa sitt forslag til opptrappingsplan frå desember 23 blir så god som råd og svarer ut alle utfordringane når den skal vedtakast i Stortinget våren 24.

For vi har ikkje råd til å miste fleire i partnerdrap!

Fylkesvegar og rassikring

Forslag: Staten må setje fylkeskommunane i betre stand til å vedlikehalde fylkesvegane og sikre rasutsette strekningar.

Grunngjeving: Liv og helse må alltid prioriterast når det kjem til prioritering i vegsektoren. Skal ein halde oppe ein desentral struktur for innbyggjarar og bedrifter i distrikta, krevst det eit stort løft for fylkesvegane. Etterspelet på vedlikehald er stort, og fylkeskommunane er ikkje i nærheita av å klare å finansiere alle behov.

Styrka kommuneøkonomi

Forslag: Finansieringa av kommunane må styrkast. Finansieringa må i større grad basere seg på reelle behov, og i mindre grad basere seg kun på folketal.

Grunngjeving: Det er i kommunane velferden blir gitt, alle kommunar må gjerast i stand til å gi gode tenester. Ein finansieringsmodell som i stor grad baserer seg på folketal fangar ikkje nødvendigvis opp dei reelle behova i kommunane. Dette gjeld mellom anna ressurskrevjande brukarar.

Også små kommunar må kunne yte gode velferdstenester til innbyggjarane.

Stad skipstunnel

Forslag: Regjeringa, med Arbeidarpartiet i spissen, må halde oppe trykket for å få realisert Stad skipstunnel.

Grunngjeving: Stad skipstunnel er endeleg nær realisering når prosjektet blir sendt ut på anbod i 2024. Det politiske trykket må haldast oppe heilt til endeleg oppstartsløyve er gitt. Mest sannsynleg får ein inn anbod innanfor kostnadsramma Stortinget har vedtatt. Men om det viser seg at kostnaden går utover ramma, må ein likevel ha som mål å realisere prosjektet når saka då kjem tilbake til Stortinget.

Stad skipstunnel er et svært viktig prosjekt, både for næringslivet, nærskipsfarten og ikkje minst for sikkerheita langs kysten. Heile landet er tent med ei sikker passering av Stadhavet for sjøfarten.

Ein meir praktisk skule

Forslag: Arbeidarpartiet skal gå i front for å sikre ein skule som bidreg til motivasjon og læring for alle elevar, gjennom variert praktisk undervisning i tillegg til meir tradisjonell teoretisk undervisning.

Grunngjeving: Born i dag møter krav til læring, og påfølgjande vurderingar tidleg i barnehage- og skule-alder. Den utvida skulegangen på 10 år har ikkje vorte den mjuke tilpassinga som var tenkt ved innføring, og borna har liten moglegheit for pausar frå den tradisjonelle, teoretiske skulelæringa. Med den kunnskapen vi har om drop-out-problematikk for born/unge med andre talent enn tradisjonelle, teoretiske skulefag er dette bekymringsfullt.

Stad AP meiner derfor at det må vere auka fokus på praktiske og estetiske fag i grunnskulen, både implementert i dei «tradisjonelle» faga, men også som valfag. Vi ynskjer ein større fleksibilitet i utval og mengde valfag, der ein stiller krav til at kommunane skal tilby ein variasjon av praktiske og teoretiske valfag.

I tillegg vedtok årsmøtet å støtte uttale frå Stryn Ap:

Infrastruktur. Tittel: Rv 15 Måløy – Otta. Ny tunnel på Strynefjellet med arm til Geiranger må prioriterast i NTP 2025-2036.

Framlegg til vedtak: Rv15 (Konsept B1) ny Strynefjellstunnel med arm til Geiranger må sikrast fullfinansiering i NTP 2025-2036 med anleggstart i første 6 års periode. Planleggingsmidlar til Rv15 Konsept B1 må sikrast i Revidert Nasjonalbudsjett (RNB) 2024.

Grunngjeving: Arbeiderpartiet sentralt har fronta: «Binde landet sammen. Bygge ny vei og jernbane. Rassikring. Vedlikehold og oppgradering av eksisterende vei. Sikre industrien trygge ferdselsårer» Vedteke KVU konsept B1 Rv15 Strynefjellet med arm til Geiranger oppfyller intensjonane. «Binde landet sammen»: Rv15 er ferjefritt og kortaste samband aust/vest for heile regionen. Også til Trøndelag via E6 på Otta er Rv15 viktig. Arm til Geiranger opnar for heilårs turisme. «Rassikring»: Konsept B1 med arm til Geiranger ras-sikrar 30 raspunkt (13 pkt. på Rv 15 og 17 pkt. på arm til Geiranger) I dag er fv 63 til vanleg stengt austover til Breidalen i 7 mnd. «Sikre industrien trygge ferdselsårer»: Tunnelane på Rv 15 Strynefjellet er i dag smale og lave og stettar heller ikkje krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Arma til Geiranger kan tilføre straum for det grøne skiftet, og trygger bygda og turistar med nødutgang for uforutsette hendingar og Åknes krise scenario. Rv 15 Måløy – Otta er i NTP omtala som «arm til E6» og er ein del av korridor 6, og eit viktig bindeledd mellom sjø og jernbane for godstransport. Både nærings- og kollektivtransport samt privatbilar må nytte andre og lengre transportetappar. Dagens strekning via Strynefjellet vert ikkje vurdert som ei sikker ferdselsåre, eller vert stengt grunna ras eller rasfare. Eit vegnett som gir god regularitet, tryggleik, lågast mogleg transportkostnader og best miljø med innkorta avstand og redusert stigning frå 12 til under 5 % er svært viktig for det ekspansive og verdiskapande næringslivet på Nordvestlandet. I tillegg vert trekkruter for villreinstamma sikra i det vedtekne konseptet. I Stortinget si handsaming av NTP 2022-2033 vart det tydelege fleirtalsmerknader om forventa anleggstart i perioden 2022-2027. Rv 15 er det brei semje om i heile regionen og ingen debatt om traseval. Stortinget la Rv15 konsept B1 med arm til Geiranger inn i Statens vegvesen si portefølje i Statsbudsjettet 2023. Men planarbeid og modning av prosjektet vert ikkje følgt opp. Våre veljarar undrar seg på kvifor våre sentrale politikarar ikkje leverer. Vestland Arbeidarparti ventar at konseptet vert innarbeid og fullfinansiert i Nasjonal Transportplan 2025-2036