Minneord for Sonja Edvardsen
Det er med stor sorg vi har motteke melding om at Sonja Edvardsen er død. Det var så altfor tidleg, Sonja vart berre 64 år gamal.
Våre tankar går særleg til Sonja sin næraste familie, som har mista ei kjær ektefelle, mor, svigermor og bestemor.
Men det er mange i lokalsamfunnet som var glade i Sonja, som vil sakne henne og minnast henne.
For oss i Arbeiderpartiet var Sonja ein kjær partikamerat gjennom mange år.
Sonja kom inn i lokalpolitikken på slutten av 90-talet. Ho var medlem i kommunestyret i Eid, for Arbeiderpartiet, frå 1999 til 2015. Ved valget i 2003 vart ho varaordførar, og frå 2005 overtok ho ordførarvervet då dåverande ordførar Gunvald Ludvigsen kom på Stortinget. Sonja vart med dette den aller første kvinnelege ordføraren i Eid kommune, og den første frå Arbeiderpartiet på mange tiår.
Ved valget i 2007 gjorde Arbeiderpartiet eit svært godt val, og Sonja vart gjenvald som ordførar.
Av yrke var Sonja sjukepleiar, og ho jobba store deler av yrkeslivet i kommunale helsetenester. Ho var glad i folk. Og ho var særleg oppteken av gode oppvekstvilkår og gode helsetenester. Alltid med eit hjarte for og med eit ekstra engasjement for dei som treng det aller mest.
Men ho jobba også iherdig for å utvikle lokalsamfunnet vårt på ein god måte, og det var fleire viktige prosjekt som starta opp og landa på hennar vakt. Ho var heilt sentral i å få lande statleg finansiering av Operahuset Nordfjord og samlokalisering med vidaregåande skule, og det var ein stor dag for Sonja då Kulturministeren opna Operahuset våren 2009. På samme måte var det stort for henne då Dronning Sonja samme hausten besøkte Opera Nordfjord si første oppsetting, Carmen, i det nye Operahuset. Sonja var også sentral i opprustinga av vakre Eidsgata, eit framifrå samskapingsprosjekt mellom grunneigarar, kommune og fylkeskommune. Andre viktige prosjekt var mellom anna nye Golvsengane barnehage og Eid Idrettspark. Og sjølvsagt mykje, mykje meir.
Sonja var godt likt og fekk verv også i Sogn og Fjordane Arbeiderparti. Ho var styremedlem der frå 2006 til 2011, og nestleiar frå 2009 til 2011. I perioden 2009 til 2013 var ho første vara til Stortinget, og der møtte ho fleire gonger. Framleis får ho gode skussmål frå fleire av dei som var kollegaer i stortingsgruppa.
Engasjementet til Sonja slutta ikkje då ho gjekk ut av kommunetyret. Ho har mellom anna engasjert seg i kulturlivet, gjennom både Opera Nordfjord og Elskhug & Eksis.
Dei seinare åra har Sonja kjempa ein tapper kamp mot sjukdomen. Men heile tida har vi opplevd at ho har halde oppe både det gode humøret og det store engasjementet for samfunnet og for medmenneska sine.
Vi vil takke for venskapet. Takke for det store engasjementet. Og takke for uttretteleg innsats gjennom mange år.
Kvil i fred, kjære Sonja.
Vi lyser fred over Sonja Edvardsen sitt minne.
Stad Arbeiderparti