Minneord for Margun Ervik
Det er med stor sorg vi har motteke melding om at Margun Ervik er død. Margun vart heile 90 år, og ho hadde eit langt og innhaldsrikt liv .
Våre tankar går særleg til Margun sin næraste familie, som har mista ei kjær mor, svigermor, bestemor og oldemor.
Men det er mange i lokalsamfunnet som var glade i Margun, som vil sakne henne og minnast henne.
For oss i Arbeiderpartiet var Margun ein kjær partikamerat gjennom svært mange år.
Margun har fortalt at ho vart politisk engasjert allereie som 18 åring.
Ho starta som folkevald i Vågsøy, der ho sat i skulestyret.
Seinare vart ho folkevald i Eid. Her var ho mellom anna leiar for kulturutvalet, og ho sat i formannskapet i heile tre periodar.
Frå 1987-1991 vart ho den første kvinnelege varaordføraren i Eid.
Margun var tydeleg på at kjernen i engasjementet hennar heile tida var kultur.
Både såkalla tradisjonell kultur, der ein let seg underhalde. Ho var mellom anna sentral i å bevare Gamlebanken då denne var tenkt riven, og ho var også engasjet i å bevare ungdomshuset Valhall.
Men ho var også oppteken av kultur i meir vid forstand, i form av frivilleg arbeid og engasjement i ulike deler av organisasjonslivet. Dette engasjementet bevarte ho heilt til det siste.
Margun var ei foregangskvinne også i arbeidslivet. Ho var mellom anna lagerformann i televerket på Nordfjordeid, der ho køyrde både truck og lastebil.
Ho vart også første kvinne i forbundsstyret til Norsk teletenesteforbund i 1956.
Margun hadde heile sitt vaksne liv eit stort engasjement for medmenneska sine. Ho brydde seg om og bidrog til at folk kunne leve gode liv, om det var kollegaer, sambygdingar, nye landsmenn eller andre.
Margun var ein ekte sosialdemokrat, og viste i sitt daglege virke kor viktig det er at alle kan finne sin plass, og delta og bidra. Alltid med eit hjarte for og med eit ekstra engasjement for dei som treng det aller mest.
Vi er stolte over at Margun var medlem i Arbeiderpartiet. I år runda ho faktisk heile 70 års medlemsskap.
Vi vil takke for venskapet. Takke for det store engasjementet. Og takke for utretteleg innsats for parti og lokalsamfunn gjennom mange år.
Kvil i fred, kjære Margun.
Vi lyser fred over Margun Ervik sitt minne.
Stad Arbeiderparti