Medlemsmøte om programarbeidet
Torsdag 14.03. var det medlemsmøte i Stad Ap, der kommunepartia i nabokommunane også var invitert. Rune Bakervik frå programkomiteen som skal utarbeide forslag til partiprogram for stortingsperioden 2025-2029 var invitert for å fortelje om arbeidet og få innspel. Rune er Vestland Ap sin representant i komiteen. Han snakka om fem diskusjonsnotat som komiteen har utarbeidd og ønskjer innspel om:
- Grøn omstilling
- Kvardagsutfordringar
- Riktig kompetanse og nok folk
- Eit samfunn med små skilnader
- Digitalisering
Det var gode debattar og mange innspel frå dei oppmøtte. Rune oppmoda alle til å sende skriftlege innspel til [email protected].
Komiteen tek imot innspel til 31. mars. Deretter skal dei utarbeide eit utkast til partiprogram som skal på høyring i organisasjonen i september 2024. Endeleg vedtak av programmet skjer på landsmøtet i 2025.
Meir om prosessen her: https://www.arbeiderpartiet.no/om/program/