Medlemsmøte om programarbeid til Stortingsvalet

Arrangement

14. mar, kl. 18:30 – 20:30, Kommunestyresalen, Stad Rådhus, Nordfjordeid

Alle medlemer er velkomne til medlemsmøte

Arbeiderpartiet sitt programarbeid er godt i gang, og første innspelsfrist er 31.03.

Det er nestleiar Tonje Brenna som leier programarbeidet. Vestland Arbeiderparti sin representant i programkomiteen er Rune Bakervik, tidlegare byrådsleiar og no gruppeleiar i Bergen.

Rune kjem til Nordfjordeid torsdag 14.03. I den samanheng inviterer vi til medlemsmøte, slik at vi kan få inspirasjon og drøfte saker vi vil spele inn til programmet.

Vi har også invitert partikollegaer frå dei andre kommunepartia i Region Fjordane, det kan vere kjekt å møtast på tvers av og til.

 

Det blir enkel servering.

Alle medlemer er hjarteleg velkomne!